Folketonemesse

Førstkommende søndag, 14. november, blir det folketonemesse i Steinkjer kyrkje kl. 11. Det har etter kvart vorte ein tradisjon at vi i samarbeid med Hilmarfestivalen har folketonemesse denne søndagen. Vi bruker Jo Asgeir Lies messemusikk og Svein Kåre Haugen, trekkspel og Edith Johnsen, fiolin er med saman med eit samansett prosjektkor og kantorane Wout Bosschaart og Kristin Eek. Liturgar er Harald Nordtug Tveit og Tine Jøhnk.